Skuffa over responsen
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Sep 2012
Svein Nakken melder at det går tregt med påmeldingane til Ramstaddalsløpet. Så tregt at det kan bli avlysning, om ikkje responsen vert større. Etter å ha sendt melding om saka til eit svært høgt antal, hadde han venta større respons.
-
Faktisk er det berre Oskar Bakken eg har fått positiv respons frå etter å ha sendt eit utal meldingar. Vi må ha alle påmeldingane inne innan tysdag kveld. Det skal trass alt settast opp etappefordeling og mykje organisering for å sy saman opplegget. Difor nyttar det ikkje å melde seg fredag kveld, seier leiaren i VIL langrenn.
Løpet har som vanleg start frå Joker Velledalen og målgang same stad. Etter ein rundtur for stafettpinnen på kring 50 kilometer – i neven på unge, gamle, utrena og trena.
Svein Arne Nakken har telefonnummer 90 79 33 43.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024