Sigmund Nakkeberg til minne

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Sep 2012

I desse dagar bur medlemar av VRF og VIL seg til den 20. førjulsmessa. Lenge var gardbrukaren og handverkaren frå Brunstad eit fast innslag her. Saman med Kåre C. Brunstad var han det ein kan kalle lokale aktørar. Kåre med puffar, Sigmund med tiner og laupar. Kvalitetsarbeid frå begge to, sjølv om dei hadde passert 75 år då det heile starta. Og dei var rimelege. Å tene pengar var ikkje drivkrafta for å delta.

   

I starten var messa dominert av slike som Sigmund. Trearbeid, produsert av eldre menn, var godt representert. På 20 år har dette endra seg radikalt. I 2012 er denne handverkstradisjonen knappast synleg. Berre Bjarne Ødegård, superveteran frå Valldal, er att med sine dreiaprodukt. Heidersmenn som Sigmund, og deira handverkstradisjonar, døyr diverre frå oss – sakte men sikkert.

   

Det som elles særprega Sigmund var at han hadde omsut for nærmiljøet sitt. For dalen og organisasjonane. Han støtta alle, anten det var skulekorpset, ungdomslaget, bedehuset eller idrettslaget. Sigmund var medlem av basargenerasjonen. Dei som gjekk på alle basar i nærmiljøet, og berre stod over ved alvorlege sjukdom eller liknande tildrag. Gode støttespelarar som no døyr ut, ein etter ein.

   

Vi lyser fred over heidersmannen Sigmund Nakkeberg sitt minne.

   

Atle Hole