Andre oppsop for Birkebeinerrittet
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Aug 2012
Sidan sist har vi fått melding om at Runar Tandstad deltok for Tafjord BIL (bedriftsidrettslag) i klasse 45-49 år. Han gjorde unna turen på drygt fem timar.
I klasse 55-59 år deltok Torstein Hole, Ålesund og Omegn CK. Det gjorde han svært så bra til tida 3.33.50. Godt under merkekravet. For dei som ikkje alt veit det, så nemner vi at Torstein er bror til Torild i Knutgarden på Hole. Og han er mellom dei som greier merkekravet både på ski, sykkel og i løpet. Han vart denne gongen nummer 97 i klasse 55-59 år.
Dette med klassevis plassering er verdt å merke seg. Eksempelvis vart vår mann, Rolf Haxthow, nummer 323 i klasse 55-59 år. Høyrest kanskje ikkje så imponerande ut. Men fortel vi at det i denne klassa var 773 fullførande, set det prestasjonen i langt betre lys.
Eksempelvis vart Per Steinar Linga nummer 41 i klasse 35-39 år. I rett lys kjem fyrst prestasjonen når du får vite at 1745 fullførte i denne klassa. Like eins Eldar Kurseth sin 69.plass i klasse 40-44 år. Der ikkje mindre enn 2492 mannfolk kara seg over målstreken. Eit imponerande høgt tal og ein imponerande prestasjon!
Gratulerer med overstått til alle syklistar i Birken 2012!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024