Skogsvegen Fet
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Aug 2012
Margit er eldst av dei som er inne på topp-6.
Ein vert ikkje rik i poeng av ein tur til skogsvegen på Fet. Men går ein ofte nok monnar det. Og dei ivrigaste går ofte til denne posten, viser det seg. I toppen er det svært så tett. Berre sju turar skil dei tre beste i målinga som vart gjort av vår utsende sundag 26.august klokka 21.45
Her er stoda over dei seks kvassaste:
1.
Grethe Fet 286 turar
2.
Odd Kåre Fet 281 turar
3.
Astrid L. Drabløs 279 turar
4.
Turid Bøkestad Fet 212 Turar
5.
Anette Fet 53 turar
6.
Margit Fet 40 turar
Som vi ser har vi både unge og eldre på denne lista. Slik vil vi ha det. Enno er det godt over 30 dagar att, mykje kan endre seg.
God tur!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024