Gudrun i Italia

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jul 2012

Gudrun kan meir enn grilling

-Eit ganske tøft løp med rikeleg bakkar både oppover og nedover, fortel Gudrun som var gjennom fem krevjande dagsetappar i løpet av seks dagar. Tidsmessig brukte ho 1.18.57 på etappen med kortast tidsbruk, 2.03.32 på den lengste, som mest var som eit reint motbakkeløp å rekne.

  Samla tid for spreke Gudrun vart 8.02.57. Det heldt til 6. plass i klassa og 58 plass totalt.

   

Løpet har vore arrangert i 14 år, men stod dette året fram med nytt namn - Val Di Fassa Running. Ein einsleg nordmann deltok i 2011, mot sju i 2012, så her er det stigning. Og mellom all grillinga på Brunstadsætra laurdag var Gudrun sin dom over arrangementet:

   -
   
 Kan absolutt anbefalast.