2.plass til RindalsTroll
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Jul 2012
Alf Petter representerer nordmørsklubben Rindals Troll. I 2011 vann Alf Petter sin klubb, medan ein dette året måtte nøye seg med andreplass. Bak Skogn, med mellom anna langrennsløparen Eldar Rønning på laget
Men Rindals Troll stiller ikkje berre eitt lag. Dei har med to lag i konkurranseklassa, eitt mix-lag og eitt reint damelag. Totalt mønstra RindalsTroll imponerande 125 deltakarar under årets St. Olavs lopp. Frå ei bygd med kring 2500 innbyggjarar – imponerande!
Alf Petter sprang for klubben sitt andrelag. Èin etappe fredag, og èin laurdag. Begge på kring fire kilometer
Sommarferiestarten markerer Alf Petter med deltaking i det 6,6 km lange Hellesyltløpet komande laurdag.
Berre for å ha nemnt det: Løpet har start klokka 14.00
Påmelding ved stadion i tidsrommet 12.00-14.00
Distansane er 1560 meter for løparar under 16 år og 6,6 km for dei som er 16 år eller eldre.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024