Nancy vann i Geiranger
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jun 2012
Vi kan i dag gratulere Nancy Eggen med 1.plass i klasse 45-49 år i Nibbeløpet med tida 2.24.52. Med det hadde ho god margin bakover til Grethe A. Leine som kom inn på 3.10.42
Olaf Einar Øien brukte 3.05.18 i klasse 65-69 år, ei tid som altså heldt til fjerdeplass.
Tomasz Rzadkiewicz, polakk busett i Velledalen, kom inn på
2.48.41, og vart med det nummer 43 i den største løpsklassa, 23-39 år.
Per Steinar Linga vart nummer ti av 80 fullførande på sykkel i klasse 30-39 år. Eldar Kurseth tok ein knallbra 11. plass i klasse 40-49 år, der heile 104 ryttarar kryssa mållina. Tida til Eldar var 1.24.44
Vi nemner at beste løpstid var Lars Olaf Haaheim med 1.42.55. Beste sykkeltid hadde Kjetil Ertsås med 1.06.53. Løpsvinnaren bergensar, sykkelvinnaren trønder.
Sjå foto frå Geiranger i album
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024