Konradtrykket aukar

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Apr 2012

Mellom dei som har meldt seg på i dag er Paul Hole, ein av dei spreke på godt over 80 år, og identisk med Velledalen IL sin fyrste KM-vinnar nokon sinne – i 1949. Hittil veit vi at tre personar over 80 stiller. I fjor hadde vi seks, det same som året før

   

I andre enden finn vi unge Alexander Nyheim frå Tomrefjord IL. Han er 16 år og identisk med guten som i fjor kom inn på 15.36. Hittil er Alexander den med beste persen av dei påmelde. Truleg ein potensiell vinnar.

   

Vidare er vi glade for å ha Odd Kvammen mellom dei påmelde. Han er kvalifisert til ti års premie, og er mannen bak den gode Konradfilmen som skal visast dette året også. Og ekteparet Lundberg frå Gjøvik kjem att også i 2012.

   

Og vi nemner at bladet Kondis vert representer ved Martin Hauge Nilsen, som har laga flotte reportasjar frå Konradløpet dei to siste åra.