Tid for medlemskontingent
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Mar 2012
Kasserar Asgeir er ikkje nøgd med innsiget av medlemspengar. Han håper dei fleste betalar før purrerunden som er like før ferien. Det burde vere
unødvendig ekstraarbeid med så lave
kontingentsatsar. Som dei fleste veit har ikkje VIL treningsavgift.
Desse prinsippa gjeld:
Alle med verv i laget skal betale kontingent.
Alle som deltek i idrettsskulen skal betale kontingent.
Alle som deltek i faste trimaktivitetar som badminton, herretrim og dametrim skal betale.
Alle som representerer laget i skirenn og løp skal betale kontingent
Satsane er:
Born: Kr. 100,-
Vaksne: Kr. 200,-
Familie: Kr. 400,-
Kontonummeret er: 4045 10 23537 – står óg på nettsida si frontside
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024