Modige Jan – nummer fem i veteran-VM
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Mar 2012
Dei to tøffe karane, som i sykkylvsk målestokk nærmar seg verneverdige, deltok i K 38-bakken og K 70-bakken. Når vi veit at Jan er i siste halvdel av 60-talet i alder, kan vi ikkje anna enn vere imponert over motet. Kjenner vi dei to karane rett er dei neste vinter på plass i Russland når veteran-VM vert avvikla i Perm.
I K 38-bakken hoppa Jan 31 og 29,5 meter, noko som gav 144,6 poeng og femteplass i klassa for hopparar fødde i tidsrommet 1942-1946. Vinnar av klassa vart nordmannen Rolf Markussen etter to hopp på 35,5 meter.
I denne bakken kom Arnt Kato Eidem på sjetteplass i klassa for hopparar fødde i 1952-1956, etter hopp på 34,5 og 33,5 meter.
I K70-bakken hoppa Jan 45,5 og 46 meter, noko som gav ny femteplass. Vinnar vart russaren Sergey Leninskiy etter hopp på 55 og 57,5 meter. I denne bakken vart Eidem nummer ti, etter hopp på 52 og 52,5 meter.
Totalt deltok 200 hopparar frå 17 nasjonar i VM, som vart arrangert i nærleiken av heimbyen til Adam Malysz, Polen sitt hopp-ess dei siste åra. Fem sunmøringar deltok, og Joakim Helland, Stordal IL, tok gull i klasse 31-35 år.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024