Svein & Fridtjof
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mar 2012
Då treng dei all din sympati, fordi dei då er i gang med Vasaloppet. 90 kilometer frå Sälen til Mora i Sverige. Ingen kosetur med kakao og bamsemums akkurat. Men dei gjer det av eigen fri vilje, og dei har gjort det før. Mange gonger til og med.
Fyrste VIL-medlem i dette rennet var Terje Aurdal. Han har eit tosifra antal startar. Svein Arne Nakken har bestetida med 5.02.06.
-
Målet denne gongen er å bryte fem timars grensa. Det er meldt skarpt føre , sa ein optimistisk Svein Arne Nakken til Sunnmørsposten for nokre dagar sidan.
Men det var før han fekk spysykja. Den fekk han grundig óg, på onsdag:
-
Det var som om heile kroppen skulle vrengje seg ut gjennom munnen. Men eg reiser – reiser med munnbind så eg ikkje smittar dei andre. Grensa for slikt skal vere 48 timar etter siste spying har eg fått bekrefta av fagfolk.
-
Stiller du i rennet eller vert du turist?
-
Planen er å stille om eg får i meg mat og kroppen fungerer nokolunde. Så får vi sjå. Der er ein matstasjon etter 30 kilometer, ved Risberg. Eg går i alle fall dit. Kjenner eg meg pigg er framleis målet 5-timars grensa, men alt er sjølvsagt meir usikkert no, sa Svein til VIL-nett fredag føremiddag, på sjølvaste avreisedagen.
VIL-nett vil fylgje opp resultata til i alle fall desse løparane:
Svein Arne Nakken, Velledalen IL – 5 gong
Knut Anders Hatlen, Stranda IL – 4. gong
Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL – 7. gong
Geir Verpeide, Stranda IL – 3. gong
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024