Brikketidtaking i Fjellæterrunden

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Feb 2012

I renn nummer 35 prøvekøyrde Fjellsæterrunden for fyrste gong eit meir moderne tidtakarsystem. Samtlege løparar hadde emit-brikker rundt eine foten, slik at tida vart automatisk registrert ved målgang. Som «backup» hadde ein sjølvsagt den gamle metoden -
   klokke, papir og blyant.

   

   -
   
 Stort sett gjekk det veldig bra. Rett nok måtte vi legge inn nokre tider etter gamlemetoden, men det aller meste gjekk glatt. Og det kan vere greitt å øve litt der deltakartalet ikkje er enormt stort, seier Sæther.


Han ser føre seg at dette er måten å gjere det på også i arrangement som Konradløpet. Då blir det i tilfelle slik at dei som vil ha brikke får tida registrert, medan løparar utan brikke blir ståande utan tid. Det blir med andre ord løparen sitt frie val.

   

Ordninga fram til no har vore slik at arrangøren tek tida på om lag fyrste halvparten av feltet, og at kring dei 100 beste tidene i etterkant vert lagt ut i ei resultatliste. For å sikre at dette vert rett der løparane kjem tett har målgangen vorte filma/fotografert.