Fjellsæterrunden 2012

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Feb 2012

Deltakinga er ikkje enorm. 49 påmelde i konkurranseklassene i morgontimane. Knut Anders Hatlen frå Stranda IL er soleklart favoritt mellom herrane. Meir uvisst mellom dei fem påmelde damene. Vi held ein knapp på Kristin Solberg, Stordal IL, eller Lene Ytredal, Eidsdal IL.

   

Velledalen IL vert representert med trioen Svein Arne Nakken, Ole Johnny Myrseth og Stian Mork. Ut frå påmeldingslista er Svein Arne Nakken ein sannsynleg vinnarkandidat i klasse 46-50 år. I bedriftsklassa startar Alf Petter Bøe for Ekornes BIL. Sidan sist oppdatering har Geiranger IL kome til med ny deltakarar, slik at det i morgontimane ser ut som det vert fem klubbar som kjempar om lagspremien for herrar (Emblem, Volda, Sykkylven, Geiranger og Velledalen). Her er Emblem IL favoritt.

   

Du får resultat og full oppdatering i løpet av dagen