Alperitt laurdag 25.februar – start klokka 1200
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Feb 2012
Knut før start i Alperittet i 2009
Langt over 200 deltakarar er påmelde til årets Alperitt med start frå toppen av Roalden og målgang ved kulturhuset i sentrum. Christina Holmberg er «gamal» alpinist og kan snuse på pallplass i si klasse i ei heldig stund utan uhell. Eivind Fet stiller i klasse 40-49 og er heilt klart mellom favorittane der. Eivind har opp gjennom åra hatt fleire topplasseringar i Alperittet, så det er inga bombe om han vinn klassa.
I 50+ er vi representerte med Svein Ole Sørensen og Knut Kalvatn. Kalvatn er røynd i den forstand at han har delteke fleire gonger tidlegare, Sørensen er debutant. Begge to er mellom dei yngste i klassa og kan overraske positivt.
Vi satsar på å kunne kunngjere resultat frå Alperittet i løpet av laurdagen.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024