Ellingsverunden
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Feb 2012
Rennet som er 21 km langt gjekk under fine forhold, med sol - 4'C og litt vind. Duellen mellom dei tidlegare studentkameratane, Knut Lium og Morten Parthaugen og underteikna
frå Elverum Lærerhøgskole var eitt av spenningsmomenta før rennet. Det enda med favorittseier til Knut, med meg sjølv som nummer to og Morten nummer tre. Avstanden opp til Knut vart i dag på 1.07 minutt, men hadde eg greidd meg utan fall vel halvvegs ute i løypa, kunne avstanden opp blitt på rundt halvminuttet. Avstanden mellom meg og Knut var på ca. 3 sekund då eg måtte i bakken. Men, det høyrer med å halde seg på føtene, og når ein ikkje greier det, får ein berre ta konsekvensen sjølv...
Her er nokre av dagens resultat:
Rennvinnar i herreklassa (klasse M21-25):
Petter Skinnstad
IL Vind
0.56.44 timar
Nr. 2 i feltet (klasse M36-40):
Geir Thune
Klubb IK
0.59.11 timar
Nr. 3 i feltet (klasse M36-40):
Eivind Fosheim
Vestre Slidre IL
1.01.54 timar
Rennvinnar i dameklassa (klasse K40-45):
Lill Hege Bjørklund
Sørskogbygda IL
1.10.10 timar
Øvrige resultat:
Klasse M41-45:
Nr. 2
Knut Lium
Torpa Ski
1.03.43 timar
Klasse M46-50:
Nr. 2
Svein Arne Nakken
Velledalen IL
1.04.50 timar
Klasse M36-40:
Nr. 4
Morten Parthaugen
Torpa Ski
1.07.09 timar
Innmeldt av Svein N. sundag 19. februar
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024