Slutt opp om dei lokale turrenna

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Feb 2012

26. februar: Fjellsæterrunden


4. mars: Hornindalsrennet


11. mars: «Heiåna» i Engesetdal

   

Tre flotte renn, alle med løyper på kring tre mil, eller knappe det. Med andre ord om lag eit halvt Birkebeinerrenn.
   Som mange veit deltek fleire hundre frå Møre og Romsdal kvar år i Birkebeinerrennet, medan dei tre nemnde lokale renna har hatt eit snitt på kring 40 i konkurranseklassa siste åra. Nokre gonger har talet på konkurranseløparar vore heilt ned på 20-talet. Då er det lett å skjøne at lokale arrangørar tel på knappane…gidd vi dette lenger...?

   

Nemner frå påmeldinga til Birken, at om ein i startlista søkjer etter deltakarar frå fylgjande stadar vil ein for året 2012 finne:


Molde: 31 deltakarar


Emblem: 21


Valldal: 15


Volda : 13


Surnadal: 11


Ørsta: 9

   

Vi nemner at Velledalen IL har tre påmelde i år, men talet for Sykkylven kommune er kring ti. Ein treng nemleg ikkje representere eit idrettslag for å delta. Ikkje noko lag i heile tatt, for den saks skuld. Bak namna til mange av dei påmelde står den «flotte» nemninga «Noteam»