Miniidrettsgalla i grendahuskjellaren

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Des 2009

Sundag 20 desember klokka 1930 vert det ”idrettsgalla” i lite format i grendahuskjellaren. Ei rekkje premiar og utmerkingar for året 2009 skal delast ut.



Odd Kåre Fet er idrettsmerkejubilant og skal heidrast for det. 14 personar skal premierast for flest poeng på dei ulike trimpostane. Geir Helge Grebstad, som sette ny rekord med 3248 poeng får premie for samanlagttriumfen.

  Vidare vert det delt ut idrettsstipend til to unge utøvarar, og den høgthengande prisen ”Årets utøvar” skal delast ut. Ein pris Bård Erstad fekk i fjor.



Elles har vi ei overrasking til våre vaksne aktive, og det kan kome uventa prisutdelingar.


Det vert ei fjørlett servering, det er viktig å ikkje ete seg så hardt opp FØR den søte juletid, og det vert vist foto frå ulike arrangement i idrettsåret 2009.