Vasaloppet til helga

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Feb 2009

Tre løparar frå Velledalen IL har meldt seg på det 89 kilometer lange Vasaloppet frå Sälen til Mora i Sverige. Rennet vert arrangert komande helg.


Men diverre vert det berre to som stiller til start. Svein Arne Nakken, innhavar av VIL-rekorden (5.24.42), har drege på seg ein skade som gjer renndeltaking uaktuelt.

  Men Stian Mork og Kristian Moe deltek. Stian debuterte i fjor med 5.44.25, noko som heldt til plassering nummer 1352 av kring 15 000 deltakarar. Kristian er debutant i dette rennet. Han har gjort eit kraftfylt comeback denne sesongen og kan vere kapabel til å overta VIL-rekorden. Dei reiser saman med Fridtjof Fredrikson frå SIL. Han har gått rennet fleire gonger tidlegare og kan gi VIL-karane kamp om tittelen ”Best frå Sykkylven”.

  Vi ynskjer trioen lukke til!!