Flott NM-debut av Hilde

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Feb 2009

Laurdag deltok Hilde Riksheim Tandstad i Ungdomsmeisterskapen i friidrett i Stangehallen i øvingane lengdehopp og 800 meter. Ein relativt hektisk konkurranse, med kort tid mellom dei to greinene.

  Ho opna i lengdegropa der alle deltakarane fekk tre hopp. Deretter fekk dei beste tre nye sjansar. Hilde traff godt på eitt av sine hopp, som målte 4,63 meter. Det var berre sju cm bak persen, men ikkje godt nok til tre nye hopp i det harde selskapet. Men verdt å merke seg at hoppet var 15 cm lenger enn bestehoppet hennar frå KM i Tingvollhallen.

  På 800 meteren vart Hilde nummer fire i sitt forsøksheat, med ei tid på om lag 2.40. og med det var NM-eventyret over for denne gongen. Vi håper det gav meirsmak for Hilde, som er den fyrste frå VIL i laget si 102-årige historie som prøver seg på dette nivået.



To ”halve velledalingar” frå Vik IL var òg påmelde. Men diverre sette ein strekk stoppar for deltakinga til Henrik Johan Holmberg, som stadig vekk snusar på 2-meteren i høgdehopp. Systra, Anna Maria, som skulle ha delteke i same klasse som Hilde på 800 meter, fekk influensa og måtte halde seg heime av den grunn.