192 personar gjekk Romjulsmarsj
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Des 2008

Bjarne Hole og Ivar Velle justerer antrekket før start
Jubileumsmarsjen (30. gong) vart velsigna med dei beste tilhøve for ein spasertur ein kan tenkje seg. Plussgrader, heilt vindstille og fritt for nedbør, var vêrgudane si gåve til arrangøren.
Og folk tok seg ut. Frå dei aller yngste i eine enden, til superveteranen Harald Hjorthol i den andre. Dei fleste æresmedlemane var på plass, med Fridtjof Drabløs som den eldste.
Trimgruppa delte ut premiar for trimåret 2008, og serveringa heldt som vanleg høgste standard. Det vart elles vist bilete frå Folkerennet, Minikonrad og Konradløpet. Nyttig, mellom anna for dei som vil gjere tekniske justeringar før neste styrkeprøve.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024