Trimtoppen – nummer to med 1724 poeng
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Des 2008
Dama på andreplass har lagt bak seg eit utal mil til fots opp gjennom åra. Fire gonger har ho toppa lista til trimgruppa, i 1999,2000, 2001 og 2004.
Siste året har ho samla mange poeng gjennom turar til Velle- og Brunstadsætra. Heile 119 turar til begge desse turmåla. Når ho i tilleg har èin tur til Koppen, fem i Regndalen, seks på Myrdalsfjellet og ni på Holetindane, skjønar alle at dette er ein turglad person. Det er verdt å merke seg at poengsummen hennar i år var høgare enn alle år ho gjekk til topps. I 2008 tok ho andreplassen med 1724 poeng – dei fire toppåra var poengsummane slik:
1999: 1319 poeng
2000: 1721 poeng
2001: 1345 poeng
2004: 1143 poeng
Vi gratulerer Arnhild Linga med flott andreplass og 1724 poeng i 2008 !!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024