Trimtoppen – nummer fire med 1325 poeng
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Des 2008
Mannen på fjerdeplass er den einaste mellom dei ti på topp som har vore på alle tolv trimpostane. Flest turar har han til posten som ligg ved Sætreelva i Holemarka. Dit har han vore 91 gonger. Vidare har han vore 25 turar på Myrdalsfjellet, 21 gonger på Holetindane, 7 gonger på Brunstadsætra, 6 turar til Vellesætra og i Regndalen, 5 til skogsvegen Hjorthol, 4 gonger på Koppen, 3 i Riksheimdalen, 2 til skogsvegen Dravlaus, skogsvegen Fet og Høgsætra.
Vi snakkkar her om mannen som gjorde stuntet med å vere innom 11 av 12 trimpostar på ein av dei varmaste dagane sist sommar, utan bruk av sykkel eller bil mellom postane (berrre Riksheimdalen mangla). Dette stuntet gav han 96 poeng på èin dag. Vi gratulerer Nils Terje Skylstad – primus motor i trimgruppa – med fjerdeplassen og 1325 poeng.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024