Trimtoppen 2008 – Nummer fem med 1212 poeng
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Des 2008
Personen på denne plassen er eit av dei sikraste ”korta” på topp-10-lista. Det slår liksom aldri feil. Grunnlaget for ei god plassering dette siste året er lagt gjennom 70 turar til Brunstadsætra og 109 turar til Vellesætra. Det åleine gir godt med poeng. Men ho – det er altså ei dame – har spedt på med turar til skogsvegen Hjorthol, Regndalen, Koppen, Myrdalsfjellet og Holetindane. Med andre ord ein av dei mest allsidige utøvarane på lista. Vi gratulerer Torhild Skogvold med flott femteplass og 1212 poeng !
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024