Trimtoppen 2008 – nummer seks med 1186 poeng
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Des 2008
Dama på sjetteplass har samla tyngda av poenga sine gjennom turar til Brunstad- og Vellesætra. Ho har 91 turar til begge turmåla. Men ho har òg vore ni gonger i Regndalen, to gonger på Myrdalsfjellet og til topps på Holetindane.
Dama vi her snakkar om, kom litt seint i gang med sesongen, men var knallsterk i andre halvdel av trimåret. Ho kan vere ein potensiell toppkandidat i 2009. I alle fall, vi gratulerer Marianne Urke med sjetteplassen og 1186 gilde poeng.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024