Idrettsskuleavslutning fredag 12. desember.
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Des 2008
Friluftslivbolken til Velledalen idrettsskule vert avslutta på Slettegjerde (Trollskogen) fredag. Elevane møter alt klokka 16.30 denne dagen, utkledd som troll eller nissar. Ungane skal lage bål og sette opp faklar som lyser opp til trollskogen. Og dei skal servere gløgg og peparkaker til alle besøkande. Denne kvelden er nemleg folk frå Velledalen og Straumgjerde velkomne som gjestar litt seinare på kvelden. Det vert høve til grilling. Elevane ved idrettsskulen får pølser, andre må ha med. Og i skrivet frå idrettsskuleleiaren, Gunn Tove B. Skylstad (tlf 918 06 923) , står det at det er viktig at alle tek med kopp.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024