VIL gir VRF 15 000 kroner
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Des 2008
Dette knyter seg til bygget som VRF fekk flytta frå Kråmyra til Dalemyra, og som i hovudsak skal nyttast til ny kiosk. I tillegg vert det møterom oppe og handikaptoalett i underetasjen.
VRF hadde truleg vona at idrettslaget ville gå inn med ein større sum, men det enda altså på 15 000 kroner.
Det vart på VIL- styremøtet vist til avtalen mellom laga vedkomande Dalemyra som i punkt 1 seier: ”Ved påkostingar/nyinvesteringar skal dei to laga dele kostnadane etter på førehand å ha inngått avtale om prosentvis utgiftsfordeling”. Dette vart ikkje gjort med ”Kråmyraprosjeket”.
VIL har tidlegare betalt 5000 kroner for grunnen der huset står, og har teke på seg å betale tinglysinga. Dermed kjem VIL sitt bidrag opp i om lag 25 000 kroner.
Dersom det vert lysløypebygging for langrenn på fjellet er det eit meir naturleg prosjekt for tyngre økonomisk støtte frå VIL. Dessutan vil laget sitt bokprosjekt koste betydelege summar om det vert vidareført.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024