Alle til finalen

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Nov 2008

Tre velledalingar, Siv Therese Brunstad, Bengt Hole Alnes og Ellen Marie Hole, deltok i semifinalen i skulecupen i friidrett i Sykkylven storhall i dag. Alle tre stod for framifrå flotte prestasjonar i det dei kvalifiserte seg for finalen i Molde til våren. Dei tre beste frå kvar klasse i kvar øving kom dit.

  8. klassingen
   Siv Therese Brunstad støtte 3 kg kula drygt ni meter, noko som heldt til 3.plass. Same plassering fekk Bengt Hole Alnes i finalen på 40 meter for 10.klassingar med ei tid hårfint under seks sekund. I same klasse vart Ellen Marie Hole nummer to med tida 6.01 på 40 meter. Ho vart òg nummer to i lengde med eit bestehopp på 4.61.