Sætreelva Holemarka

    Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Nov 2008

    Ny topoengspost. Dette var posten der det var desidert hardast kniving om topplassen. Det skilde èin tur mellom ekteparet Ingrid og Elling Hole. Den avgjerande dagen gjekk Ingrid turen sin fyrst. Når Elling kom noko seinare på dag hadde Nils vore der og skifta bok. Men dette er ein del av ”gamet” som ein må meistre om ein vil hevde seg i denne bransjen.

      Oddmund Skylstad (85) har nærast hatt hevd på 1.plassen ved dette turmålet. Den hadde han greidd denne sesongen òg, om han ikkje hadde hatt eit fall som medførte skade og
       pause frå all aktivitet ved påsketid. Kjellaug Ulset på femteplass har også passert 80 år, så trimgruppa har mange spreke pensjonistar som ”kundar”



    Resultata:


    1. Ingrid Hole
       133


    2. Elling Hole
      
       132


    3. Oddmund Skylstad
       127


    4. Frode Wærøy
       101


    5. Kjellaug Ulset
       96