FISKETUR TIL HAVS

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Aug 2008

Sundag 7.september

Ålesund Havfiske vil ta oss med på fisketur i området ved Godøya. Dei veit kvar dei beste fiskeplassane er, og kan garantere at vi får fisk. Ålesund Havfiske vil halde med alt fiskeutstyr.Dei stiller også med fiskebu slik at fangsten kan takast hand om etter fisket. Vi set ei grense på maks 12 deltakarar, så her må du melde deg på straks. Det er ingen aldersgrense oppover eller nedover.

Det er ikkje avtalt noko tidspunkt, men normalt er det best om morgonen eller frå kl. 15.00 og utover. Men vi bestemmer sjølv når vi vil dra ut, så vil du bli med , gi oss også melding om når det passar best . Så avtalar vi eit tidspunkt som alle kan vere med på.

Pris
Det er avhengig av kor mange som blir med. Men maks kr 300 per person. Familie ( 3 eller fleire ) maks kr 600. Eventuell meirkostnad sponsar idrettslaget. Då er det rekna inntil 3 timar på sjøen. Vil vi fiske lenger, blir det kr 150 per person per time.

Påmelding: Nils Terje ( 70 25 06 44 / 416 28 557 ).

PS!
Skipparen opplyste at ingen hadde blitt sjøsjuk på båten, så her skulle det vere håp også for landkrabbene framma dala.