Fetvatnet Rundt
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jun 2008
Sundag 29.juni er alle mosjonsglade velkomne til den tredje utgåva av Fetvatnet Rundt.
Løypa er kring åtte kilometer og har start frå Fet. Syklistane klokka 1300, dei øvrige klokka 1305. Påmelding er i tidsrommet 1200-1245, og startkontingenten er kr 50 for enkeltstartande og kr 100 for familiar.
Konseptet bak Fetvatnet Rundt er i høgste grad knytt til trim og trivsel. Her er alle velkomne uansett fart, og opplegget er sosialt med matsal i idyllisk landskap ved vatnet. Løypa er temmeleg flat, og overkomeleg for alle aldersgrupper.
Alle born vert premiert, elles vert det trekt ut premiar på startnummer
I 2007 starta 195 personar i Fetvatnet Rundt, klart flest på sykkel
Sykkelrekordane er slik:
Herrar: Frode Lauvstad 14.36
Damer: Amalie Tynes Fausa 20.07
Raskast til fots:
Herrar: Anders Astad Sve 29.12
Damer: Hilde Riksheim Tandstad 38.53 (med gnagsårproblem)
Eldste deltakar: Oddmund Skylstad (83)
Eldste tilskodar: Harald Hjorthol (96)
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024