Jan nr. 9 i VM
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mar 2008
Vår mann I hopp-VM for veteranar I Finland, Jan Ringseth, enda på ein fin 9.plass av 17 hopparar i klasse 60-64 år. Ein fin prestasjon med tanke på at Jan stort sett har gått skadd dei siste fem vekene.
-Fyrstehoppet var bra, men diverre klaffa det dårlegare i det andre. Men likevel ei fin oppleving, der eg mellom anna fekk studere den tidlegare finske stjernehopparen, Matti Nykänen, på nært hald. Han vann i den minste bakken, og heldt elles ein lav profil under renna, fortell Jan til VIL-nettsida.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024