Ny klubbrekord på 3000 meter på Bislett

Postet av Atle Jomar Hole den 28. Jun 2025

 

Constantin Moses Rust klokka inn til 8.42  - klar ny klubbrekord for Velledalen IL

 

Stemnet bar namnet Moseby Invitational, med totalt 661 påmelde. Løparane blir plasserte i ulike heat alt etter kva dei på førehand har gitt opp som sannsynleg tid. Fleire av heata hadde så mange startande at det kunne bli litt kaotisk dei fyrste rundane. Velledalen IL hadde Anders Westrheim og Constantin Moses Rust som førehandspåmelde. I tillegg greidde Njål Torillson Tyssing «handle» seg eit startnummer av Øivind Mathias Gitmark. Dermed står ikkje Njål i resultatlista, men det var han som sprang på Gitmark sitt nummer, som vinnar av heat 7.

 

Her er nokre tider frå løpet:

8.15: Harald Østberg Amundsen, Asker Skiklubb – verdscupvinnar langrenn

8.16: Eirik Mysen, Mosvik IL – også langrennsløpar

8.20: Ragnar Nersten, Fossum IL

Vi nemner at alle dei 22 beste sprang i heat 2

8.42: Constantin Moses Rust, Velledalen IL – vinnar av heat 10, ny klubbrekord på 3000 meter bane for Velledalen IL

9.06: Njål Torillson Tyssing, Velledalen IL, - vinnar av heat 7, tangering av personleg rekord (9.06.52)

9.20: Anna Marie Nordengen Sirevåg, Sk Vidar, - beste kvinne

9.22: Petter Elias Vestre Røkke, IL Lauparen – andremann i årets Konradløp

9.31: Hans Kristian Stadheim, Hans & Holund – langrennstrenaren frå Sunnylven

9.32: Anders Westrheim, Velledalen IL/Upshit Creek – hadde gitt opp 9.30 som antatt tid.

9.45: Lars Folven, Oppstryn IL

10.37: Jakob Velle, Noteam – har denne mannen slekt i Velledalen….?

10.38: Kristian Monsen Røkke, Noteam, - son av sin far frå Molde

10.44: Emil Gukild, - programleiaren som nyleg har vorte ein av Petter Northug sine undersåttar

11.36: Live Johanne Vestre Røkke – søster av Petter Elias

12.12: Marthe Tøsse Aandal

DNS: Julie Støverstein – Årets Konradløp-vinnar mellom kvinnene.

 

Her var altså tre mann frå Alf Petter Bøe sin A-stall i aksjon. Med ei imponerande gjennomsnittstid på 9.07.3. Alle tre har sagt seg tilfreds med eigen innsats. Vi kjem tilbake med kommentarar i løpet av morgondagen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.