Sørestrand-mila: Kjekt å ha Tom Audun tilbake
Postet av Atle Jomar Hole den 28. Sep 2025
Ein av få med negativ splitt på 10 km i Straumgjerde.
EQ-timing byrja truleg bli uroa. Kvar hadde det vorte av Tom Audun Rossland Knutsen…? Giganten innan tidtaking hadde ei notering på Tom Audun tilbake til 8.mars (kvinnedagen) 2025. Etter det vart det stille. Stille i over eit halvt år. Men brått og gledeleg; 27.september 2025 dukka namna hans opp att, under Sørestrand-mila, på distansen 10 km.
Og Tom Audun skuffa ikkje. 48-åringen vart best av Velledalen IL sine løparar på 10 km med tida 38.24 (6.plass totalt). Han var ein av særs få med negativ splitt under løpet, som vil seie han sprang raskare på andre del enn på fyrste (19.19 – 19.05). Det fortel om eit veldisponert løp, og om ein løpar som har meir inne. Eitt år til i M 45-49, så vert det M 50-54 i 2027, og der vert han ein garantert ein farleg feiar om han held seg skadefri.
Velledalen IL gratulerer Tom Audun som verdig vinnar av tittelen KLUBBMEISTER 10 km klasse M 45-49!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Sørstrand-mila: Fort gjort å gløyme alderen
28.09.2025

Oda Alette – den ukjende klubbmeisteren!
28.09.2025

Hyrox Oslo: Anette nummer 23 av 827 lag
28.09.2025

Sørestrand-mila: Kvar kom deltakarane frå…?
28.09.2025

Sørestrand-mila: Resultat 10 km landevegsløp
27.09.2025