Sørstrand-mila: Fort gjort å gløyme alderen
Postet av Atle Jomar Hole den 28. Sep 2025
Gode eksempel på det er Bjørn Arve og Eldar Sindre
Dei to beste VIL-prestasjonane under Sørestrand-mila 27.september 2025 har enno ikkje vore omtala. Men dei vert det her og no, på nettsida til Velledalen IL. Det finst omrekningstabellar for tider – frå veteranklasser til seniortid. Desse omrekningstabellane kan, om dei vert brukte, setje prestasjonane til veteranløparar i rett ljos.
Laurdag i Straumgjerde var det trioen Kristian Nedregård (M 50-54), samt VIL-løparane Bjørn Arve Brune (M 60-64) og Eldar Sindre Valkvæ (M 65-69), som stod for dei sterkaste prestasjonane. Kristian sprang 3000 meter på 9.42, medan Bjørn Arve Brune og Eldar Sindre Valkvæ begge sprang 5000 meter. 19.35 på 61-åringen Brune og 20.14 på 66-åringen Valkvæ er heilt i Noregstoppen i deira klasser.
Diverre, men eit uomtvisteleg faktum. Store deler av norsk sportspresse – den lokale inkludert – er totalt uinteressert i veteranidrett. Og mindre interessert til eldre utøvaren blir. Heldigvis har løparorganisasjonen Kondis godt utarbeidde veteranstatistikkar, med ei rekkje sunnmøringar høgt oppe på listene ved sesongslutt.
Sidan vi fyrst er i gang, nemner vi også 68-åringen Nils Terje Skylstad sine 21.56, som er tre sekund raskare enn han sprang i Jølster sommaren 2023 og 32 sekund raskare enn i fjor. Framsteg i høg alder kunne gjerne vore dyrka meir (jmf Konrad Brunstad). I alle fall; Velledalen IL er enormt stolte av «gutane» våre i 60 åra, Bjørn Arve, Eldar Sindre og Nils Terje – både som løparar og miljøskaparar!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Oda Alette – den ukjende klubbmeisteren!
28.09.2025

Hyrox Oslo: Anette nummer 23 av 827 lag
28.09.2025

Sørestrand-mila: Kvar kom deltakarane frå…?
28.09.2025