Trimpostane: Aksjonsveke bokbytting 1.-7.oktober
Postet av Atle Jomar Hole den 30. Sep 2025
Sesongen er no definitivt inne i sluttfasen.
I morgon har vi 1.oktober. Det vil seie at ein må starte innspurten no, om ein ikkje alt har gjort det. Er ein heldig kan det gå nokre dagar til bokbytet og ny sesong startar.
Fleire har meldt seg for å hjelpe til med arbeidet, og det er ynskjeleg at bokbytet skjer i perioden 1.-7. oktober. Slik at neste års sesong blir mest mogleg lik i lenge på kvar post. Så er det viktig at dei som bidreg i arbeidet leverer den utskifta boka til Nils Terje Skylstad ganske så omgåande – anten i postkassa hans eller på døra.
Deretter går det ikkje fælt lenge før 15 trimpostvinnarar er kåra, og topp-5 på kvar post vert offentleggjort på Velledalen IL si nettsida. Sist, men ikkje minst, kjem topp-10-lista samanlagt.
Stor takk til alle som hjelper til med drifta kring trimpostane våre!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Sentrumsløpet: Anders Westrheim på 17.plass
25.04.2026
Sverre og Malin sprang i Molde
25.04.2026
Fin 3.plass til Anette under OCR-debuten
25.04.2026
To VIL-veteranar sprang Valderløpet
25.04.2026
Bergen City Maraton: Stian nr 11 i M 50-54
25.04.2026
25.og 26.april: Stor idrettshelg
25.04.2026