Stor takk til Kjetil og Solbjørg!
Postet av Atle Jomar Hole den 1. Okt 2025
Dalens soleklare einarar i rulling av tombola-lappar.
Det nærmar seg Førjulsmesse i Velledalen. Og med den stor tombola. Populære saker, særleg mellom born.
For ikkje fælt lenge sidan gjekk Velledalen IL ut med spørsmål på nettsida om nokon kunne tenkje seg hjelpe laget med rulling av tombola-lappar. Lappane utan nummer, dei ein ikkje vinn på. Responsen var heller laber. Men ikkje over heile fjøla.
På Brunstad bur der eit par som har gjort Velledalen IL mange almisser opp gjennom åra. Namna er Solbjørg og Kjetil Pål Brunstad. Fyrst bad dei om ei «ladning» på 2500 lappar. Desse vart rulla i rekordfart. Seinare bad dei om 2000 til, om vi hadde. Dagen etter dei vart leverte i postkassa deira, kom dei tilbake på døra til nestleiaren i Velledalen IL – ferdigrulla!
Når du under årets Førjulsmesse kjøper tombolalodda dine i Velledalen grendahus, kan du gjerne ha i tankane at nær halvparten av lodda du ikkje vinn på, er rulla av Solbjørg og Kjetil.
Vi i Velledalen IL kan ikkje anna gjere, enn å vere særdeles takksame for at slike menneske enno finst.
Som takk sender vi fullt fortent fagnad og verbale blomar!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Sentrumsløpet: Anders Westrheim på 17.plass
25.04.2026
Sverre og Malin sprang i Molde
25.04.2026
Fin 3.plass til Anette under OCR-debuten
25.04.2026
To VIL-veteranar sprang Valderløpet
25.04.2026
Bergen City Maraton: Stian nr 11 i M 50-54
25.04.2026
25.og 26.april: Stor idrettshelg
25.04.2026