KVIFOR ER OKTOBERLØPET VIKTIG?
Postet av Atle Jomar Hole den 2. Okt 2025
Av Anita Mosby Nakken
Oktoberløpet kom i stand eit par år etter at nokre av oss som jobba i Velledalen
Naturbarnehage hadde vore i Ålesund og delteke i Rosa Sløyfe løp.
Tilfeldig kanskje, men kanskje ikkje så tilfeldig likevel. Våren 2019 vart eg ein del av den
dystre kreftstatistikken. Heilt uventa og «ut av det blå», som ein seier. Eg hadde vel ikkje i
mine tankar sett føre meg noko slikt. Frå å vere heilt frisk til å plutseleg vere ramma av ein
potensiell dødeleg sjukdom…
Då kjem livet tett innpå deg, og det same gjer tankane om «kva no???» . Kreftspøkelset vil
alltid og for resten av livet henge over deg, sjølv om mange av oss blir friske eller kan leve
vidare med sjukdomen. Det er lett å la seg engasjere når personlege erfaringar syner at
ein er så avhengig av god kvalitet på hjelpa ein får når ein vert ramma.
Nettopp derfor er Rosa sløyfe og Oktoberløpet så viktig. Ikkje fordi vi skal springe fort og
langt og knive om gode tider, nei, det kan ein gjere i andre samanhengar. Men eit løp der
vi samlast kring ei livsviktig sak. Alle kjenner nokon som er ramma av kreft i ei eller anna
form; i nær familie, på ein arbeidsplass, i ein vennekrins eller kanskje du sjølv? Alle bér på
si eiga historie.
Vi støttar kvarandre, vi støttar dei som er råka av sjukdom, vi gir kreftsaka eit ansikt, vi
tenkjer på framtida og at vi ved vår støtte kan hjelpe andre (eller i verste fall oss sjølve).
Kreftstatistikken er dessverre ikkje på folket si side, men statistikken seier likevel at stadig
fleire av oss lever lenger og betre enn før etter ei kreftbehandling, og stadig fleire blir
oppdaga så tidleg at dei kan bli friske! Konstant forsking og utvikling gjer at behandling i
stadig større grad kan tilpassast til den som treng det. Vegen er framleis lang å gå, men vi
har ikkje tid til å vente med å engasjere oss, eller å tenkje at det ikkje gjeld meg.
Eg oppmodar så sterkt eg kan til å mobilisere til støtte for Rosa sløyfe. Velledalen IL sitt
slagord: «Helse i kvar meter» er så absolutt reelt. Når Oktoberløpet går av stabelen
laurdag 11. oktober, går/spring vi for god helse, for fellesskap og samhald og for solidaritet
med dei av våre som ikkje er eller kan vere saman med oss.
Meld deg på i dag, og ta veldig gjerne med deg familie, venner, kollegaer, naboar osv…
Kan du, av ulike grunnar, ikkje delta på sjølve dagen, så oppmodar vi deg til likevel å
melde deg på. Alt av pengar som kjem inn, går uavkorta til Rosa sløyfe/Kreftforeninga. Vi
har allereie i dei tre føregåande åra sett Sykkylven på kartet, og i år har vi ein ny sjanse til
å vise at vi bryr oss.
Ingen kan hjelpe alle, men alle kan hjelpe minst ein!
PS! Vi rettar ei stor takk til alle som sponsar oss på ulike måtar, alt i frå saft til store
gåvekort! Takk til Handelsforeininga i Sykkylven som set farge på bygda gjennom
markering i butikkane.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Stor takk til Kjetil og Solbjørg!
01.10.2025
3255 grasrotkroner i september
01.10.2025