Talet aktive utøvarar veks i Velledalen IL
Postet av Atle Jomar Hole den 9. Okt 2025
Det er i samband med den føreståande Førjulsmessa i november at det vert summert utøvarar i ulike greiner og på ulikt nivå.
Førjulsmessa vert arrangert laurdag 8. og sundag 9.november. Ein stor kabal skal gå opp med omsyn til arbeidslister og innleveringar. Både av kaker og tombolavinstar. Oppslutninga plar vere god. Men før ein kjem så langt som til utsending av arbeidslister, må ein ha kontroll på mannskapet sitt. Kven er med på laget sin Idrettskule, kven er med på Janne sine sirkeltreningar, og på mannfolka sin fotball-aktivitet i grendahuset. Vidare må ein ha kontroll på alle tillitsvalde (dei med verv i laget) og dei ivrigaste brukarane av laget sine 15 trimpostar. Dei plar alltid vere flinke og legg att ein betydeleg innsats.
Startnummer på brystet. Då er det berre ei gruppe som ikkje er nemnd – dei som driv aktiv idrett. Og korleis er stoda der, trur de..? I heile 2024 vart det registrert 75 personar som dreiv konkurranse-idrett som utøvarar i Velledalen IL. Då var det snakk om konkurransar utanom Velledalen sitt nærområde. Det vil seie at cuprenna i langrenn i Ladalen talde ikkje, MiniKonrad og Konradløpet talde ikkje, og diverse andre små-arrangement. Likevel kom talet opp i 75 aktive i 2024.
2025 er ikkje ferdig enno, men vi har sett på tala for perioden 1/1 – 09/10. Vi har kring 50 dagar att av året, men det meste av konkurranseåret er over. Talet konkurranse-utøvarar i perioden har auka til 82, eit særs fint tal for eit lite lag.
Har ein draum. Dei yngste som har vore i aksjon for Velledalen IL siste året er under ti år. Den eldste med startnummer på brystet i 2025, er hittil Ivar Arne Flo med sine 81 år (hugs at Konradløpet tel ikkje – der hadde vi tosifra over 80 år). Men Ivar deltok på Miniton-delen av Hornindalvatnet Maraton i juli, slik han har hatt for tradisjon i ei årrekkje. Utøvarane våre har konkurrert i triathlon, hyrox, OCR-hinderløp, langrenn, orientering og løp av ulike slag (på bane, landeveg, motbakke, fjelløp både korte distansar og ultra. Og så det siste nye; backyard ultra). Av det mest gledelege i 2025 er oppblomstringa av den flotte idretten orientering. Størstedelen av veksten frå 2024 har kome der, og gruppa har eit interessant prosjekt på gang for 2026-sesongen, vedkomande deltaking i Ungdoms-NM i Nordmarka i Oslo - med miksa stafettlag. To jenter og to gutar på same lag. Ein draum…? Ja, heilt klart, men ein draum som kan bli røyndom!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

VIL-statistikk: Maraton (42 195 meter) 2025
08.10.2025

Skjennungstua Open 2025: Constantin var det
08.10.2025