Ti frå Velledalen IL i Hytteplanmila
Postet av Atle Jomar Hole den 18. Okt 2025
Sjå korleis det gjekk med tider og plasseringar
Fyrst må vi slå fast at forholda var særdeles gode. Fleire av løparane vi hadde i aksjon sette nye personlege rekordar eller nye bestetider for sesongen. Dette gjeld mellom anna Anette Heimli Jokstad som med tida 40.26 hoppa til toppen av statistkken for Velledalen IL sine kvinner på distansen 10 km. Frank sette personleg rekord på distansen, og det same gjorde Anders Westrheim, Njål T.Tyssing og Jone Schmidt Breivik. Ny årsbeste til Bjørn Arve Brune, medan Roger og Elisabeth ikkje hadde notert tider på distansen tidlegare i sesongen. Dei øvrige tre litt bak sine tidlegare bestetider.
RESULTAT OG PLASSERINGAR FOR VIL SINE LØPARAR:
32.23: Njål Torillson Tyssing – nr 5 i M 40-44
33.59: Anders Westrheim – nr 128 i M 35-39
40.26: Anette Heimli Jokstad – nr 25 i K 35-39
40.36: Bjørn Arve Brune – nr 9 i M 60-64
40.37: Jone Schmidt Breivik – nr 34 i M 16-17
40.53: Frode Mauren – nr 69 i M 50-54
43.27; Frank Andersen – nr 300 i M 35-39.
47.07: Roger A. Vanebo – nr 43 i M 60-64
49.36: Elisabeth Hatlevik – nr 15 i K 60-64
84.57: Susan Gjerde – nr 111 i K 50-54
84.57: Alf Petter Bøe – nr 161 i M 55-59
DNS: Per Inge Bjørnestad
Ein skal ikkje sjå all verda på plasseringar og den slags. For Frank Andersen var dette eit heilt spesielt løp, noko også Strava-kommentaren hans ber preg av:
FRANK ANDERSEN, HYTTEPLANMILA:
- 43.27. Grov godt for Mila i dag. Klokka vise litt lenger enn 10 km. På klokka hadde ej 43.10. Uansett ein solid Personleg rekord. Med godt over minuttet.
Frank sin tidlegare personlege rekord var 44.34. Mila som han viser til er hunden hans, ein trufast fylgjesvein gjennom trening og kvardag i ei årrekkje. Den måtte nyleg avvlivast. Slikt set spor, også i den som lever att.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Sprintløp på Aure
18.10.2025

Vinstar til basarbøker – Førjulsmesse
16.10.2025

VIL-idrett komande helg
16.10.2025

Sykkylvsbladet 14.mars1946: Bygdarennet
15.10.2025

Brunstad-ekspressen: 2.52.50 best i landet
14.10.2025