Trimpostane: Regndalen trimpost tok 11.plassen
Postet av Atle Jomar Hole den 26. Okt 2025
Geir Helge Grebstad postvinnar med 17 noteringar.
Ein treng ikkje vere særleg tottig for å vinne Regndalen trimpost. I perioden oktober 24 til oktober 25 heldt det med 17 turar for Geir Helge Grebstad, ein kar som har vunne posten jamt siste åra. For dei som vil ta opp kampen, kan det vere greitt å vite at i snitt heldt det med 1,5 tur i månaden. Elles er Regndalen ein post den eldre garde held seg unna, ingen over 70 år inne på topp-5 siste året. Alt i alt 242 noteringar på posten, som heldt til 11.plass mellom Velledalen IL sine 15 postar.
TOPP-5, REGNDALEN TRIMPOST, OKT.24 – OKT 25:
17 turar: Geir Helge Grebstad
14 turar: Elias Urke Brunstad
5 turar: Nils Terje Skylstad
4 turar: Arnt Brunstad
4 turar: Paul Magne Hole
STODA MELLOM VELLEDALEN IL SINE 15 POSTAR:
11. Regndalen – 242 noteringar (Geir Helge Grebstad postvinnar)
12. Skogsvegen Fet – 195 noteringar (Lovise Bøe)
13. Hytta Brunstadkølen – 130 noteringar (Veronika Ulriksen)
14. Holetindane - 69 noteringar (Nils Terje Skylstad)
15. Høgsætra Fet – 44 noteringar (Nils Terje Skylstad/Lars Even Hatlemark)
KVEN VINN FLEST POSTAR:
Kvinner – Menn 2-3
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
FØRJULSMESSA 2025: VIKTIGE TIDSPUNKT
07.11.2025
Påmeldingsnytt løp – Velledalen IL
06.11.2025
Brunstadsætra best av VIL sine trimpostar
06.11.2025
Ferskaste trimposten kneip 2.plassen
05.11.2025
Løp i nærområdet resten av 2025
04.11.2025