Nettsida vitja VIL-treninga på Ikornnes Idrettspark
Postet av Atle Jomar Hole den 26. Okt 2025
Laurdag morgon 25.oktober hadde Velledalen IL fellestrening på Ikornnes Idrettspark
Skodda sleppte taket før, og under, oppvarminga. Den tok til ganske nøyaktig 10.00. Friidrettsleiar Alf Petter Bøe, M 55-59, styrte treninga og klokka. Felles-programmet for dagen var 12 X 400 meter. Bjørn Arve Brune, spreking på høgt nasjonalt nivå i klasse M 60-64, hadde teke turen frå Stranda. Frode Mauren, i klasse M 50-54, hadde til å med teke ferje for å kome seg til treninga! Fridtjof Fredriksen var der, mannen som etter nyttår kan få ein ny vår i klasse M 60-64. Trond Bonesmo, som driv og set nye personlege rekordar som 55-åring, gjennomførte ei god økt.

Etter det du hittil har lese, slår det deg kanskje at snittalderen var i høgaste laget. Men fortvil ikkje. Der var «ungdomar» óg. Korkje Erika Oginte eller Frank Andersen har passert 40 enno. Litt synd at Erika skulle vere einaste jente/kvinne ein så fin morgon. Men vi såg at ho naut stunda, og at hennar nærver skapte trivsel mellom VIL-veteranane.
Og fotografen var eldst av alle, han stiller i klasse M 70-74 når kalendaren rullar over til 2026!
PS. Du treng ikkje seie det til nokon, men etter treninga lurte fire stk av oss til å ta ei feit svele, ein lindrande kaffi og ein god prat på Aursnes-kiosken – ein fin start på laurdagen fleire bør prøve!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
FØRJULSMESSA 2025: VIKTIGE TIDSPUNKT
07.11.2025
Påmeldingsnytt løp – Velledalen IL
06.11.2025
Brunstadsætra best av VIL sine trimpostar
06.11.2025
Ferskaste trimposten kneip 2.plassen
05.11.2025
Løp i nærområdet resten av 2025
04.11.2025