New York Maraton: Njål Torillson Tyssing deltek

Postet av Atle Jomar Hole den 30. Okt 2025

 Arkivfoto frå Tokyo

I lesande stund er Njål komen til Amerika, løpet går 2.november.

 

Njål er ikkje den fyrste VIL-utøvaren som spring i New York. Utan å vere brennsikre trur Nettsida at Torild Hole var det. Men Njål Torillson Tyssing legg altså ut på  sesongens tredje heilmaraton 2. november. Før i år har han sprunge i Tokyo (2.41.27) og Oslo (2.36.05). Nålauget for å kome med eksempelvis i New York er særdeles trangt, men noko lettare for utøvarar som har sterke tider å vise til. Slike som Njål!

 

Om løpet seier Njål fylgjande på ein e-post til nettsida i VIL:

  • Ambisjonen er å opne på 1.17.30 halvvegs. Og så håpe på at det er litt meir att på tanken i 2.halvdel. Har vore ein nokså slapp treningshaust etter Oslo Maraton, men vonar placebo-effekten frå Hytteplanmila (32.23 på 10 km) vil hjelpe!

 

VIL utøvarar har i 2025 sprunge heilmaraton desse stadane:

Oslo (Oda Alette og Njål)

Jølster (Malin)

Tokyo (Njål)

Trondheim (Emma)

Hornindal (Hilmar)

Ålesund ( Hilmar)

København (Espen)

Bergen (Espen)

Budapest (Sverre Gunnar)

New York (Njål)

Som vi ser har deltakinga vore lokal, nasjonal og internasjonal.

Vi tek med at Maria Fet (ikkje VIL-medlem no, men kan bli) har sprunge i Ålesund

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.