Kva alder har Velledalen IL sine trimpostvinnarar?

Postet av Atle Jomar Hole den 10. Nov 2025

 

Snittalderen er om lag 64 år, men spennet er stort, frå 19-84 år!

 

Nettsida har sett litt på alderen til Velledalen IL sine trimpostvinnarar. Vi har 15 postar, men har brukt 16 namn i utrekninga, sidan topp-plasseringa ved Høgsætra Fet var delt.

YNGST: Lovise Bøe, 19 år

ELDST: Elling Ivar Hole, 84 år

Svært få store born og tenåringar er mykje innom postane. Men all honnør til Lovise Bøe (19) som vart postvinnar i skogsvegen Fet siste året. Vidare finn vi ingen i 20-åra, 30-åra eller fyrste del av 40-åra på listene. Men  gledeleg nok kjem vi då til eit oppsving, slik at vi har fem vinnarar mellom 45-55 år.  60-åringane markerer seg heller ikkje i positiv lei, unnateke Nils Terje Skylstad, som åleine har vunne to postar. Dei eldste er dei beste – kanskje fordi dei har best tid. Men faktum er at aldersgruppa 72-84 år har åtte vinnarar – særdeles bra levert!

 

Slik ser den ut; ALDERSLISTE TRIMPOST-VINNARAR, for perioden oktober 24-oktober 25:

 

0-10 år: Ingen

10-20 år: Lovise Bøe

20-30 år: Ingen

30-40 år: Ingen

40-50 år: Veronica Ulriksen, Inger Anne Brunstad og Lars Even Hatlemark

50-60 år: Myriam Van Wunsel, Geir Helge Grebstad

60-70 år: Nils Terje Skylstad (to postar)

70-80 år: Ingrid Brudevoll (to postar), Annlaug Lervåg, Kjell Skogvold, Ingunn Hole Hunnes og Reidar Fure

80-90 år: Elling Ivar Hole og Bård Per Erstad


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.