Malin Berge: Bestetid på 5 km for sesongen
Postet av Atle Jomar Hole den 10. Nov 2025

Anders Westrheim kraup opp på delt 3.plass på 10 km-statistikken.
Malin Berge har vore ein suksess etter ho kom til Velledalen IL. På den halve sesongen ho har vore i klubben hadde ho frå tidlegare bestetida på heilmaraton (3.36.33) og halvmaraton (1.30.42). I går sette ho bestetid for klubben på 5 km under Ålesund Vinterkarusell, løp 1, med tida 19.38. På same distanse, 5 km kvinner, slo Pernille Linga seg inn på 7.plass med tida 27.33, som er plassen bak Julie T. Rasmussen (27.21).
Anders Westrheim var i aksjon på Jessheim. Han har lenge hatt ein draum om 33-talet. Draumen vart røyndom under Hytteplanmila (33.59), og i går pressa han tida ned til 33.50. Same tid som Espen Utgård Sæther har i 2025 – altså delt 3.plass på statistikken kring 50 dagar før året er omme.
Vidare må vi spandere nokre ord på Bjørn Arve Brune (61). Sette bestetid under Hytteplamila på 10 km med 40.36. I går pressa han tida ned til 40.06 under karuselløpet i Ålesund. Skikkeleg godt levert, og eit prov på at løypa i Ålesund er rask under gode forhold.
Trond Bonesmo er i ferd med å fullbyrde ein særs god sesong med ei rekkje nye personlege rekordar. I går vart det ny bestetid på 10 km med 55 sekund då persen vart senka frå 48.33 til 47.38. Trond bytte plass med Stig Marius Vestnes på statistikken. Også Stig Marius leverte kvalitet med flat pedal store deler av løpet då persen vart justert frå 48.22 til 47.47. Altså super-veteranane sin store dag i Ålesund 9.november 2025.
Fem nye personlege rekordar i løpet av ei helg er ikkje akkurat kvardagskost, men særs gledeleg!
Og det same må det seiast å vere å ha ein debutant i K 16-17 – flott levert Pernille!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
FØRJULSMESSA 2025: VIKTIGE TIDSPUNKT
07.11.2025