Trimpostane: 261 703 noteringar i perioden 2009-2025
Postet av Atle Jomar Hole den 11. Nov 2025
Koronaåra 2020 og 2021 dei to beste åra – begge med over 19 000 noteringar.
HER KJEM DEI HARDE FAKTA:
Trimpost-noteringar og tal postar år for år i perioden 2009 – 2025:
2025: 13 689 noteringar – 15 postar
2024: 14 390 noteringar – 15 postar
2023: 12 346 noteringar – 15 postar
2022: 12 157 noteringar – 15 postar
2021: 19 460 noteringar – 15 postar - korona
2020: 19 096 noteringar – 14 postar - korona
2019: 14 339 noteringar – 14 postar
2018: 14 671 noteringar – 14 postar
2017: 16 794 noteringar – 14 postar
2016: 17 071 noteringar – 14 postar
2015: 16 097 noteringar – 14 postar
2014: 17 956 noteringar – 14 postar
2013: 14 818 noteringar – 14 postar
2012: 14 102 noteringar – 12 postar
2011: 14 808 noteringar – 13 postar
2010: 14 980 noteringar – 13 postar
2009; 15 049 noteringar – 13 postar
KOMMENTAR: Samla har altså trimpostane levert over 261 000 noteringar i perioden 2009 – 2025. Ein skulle tru at 2025 vart eit sterkt år, med særs lageleg vêr store deler av året, også vinterstid. Men slik vart det ikkje. I historisk samanheng må 13 689 noteringar på 15 postar reknast som eit heller svakt resultat.
Perioden opnar med året 2009 og 13 postar. I 2009 var det ikkje post på Brunstadkølen og heller ikkje i skogsvegen Straumsheim. Den skarpe lesar vil sjå at i 2012 var laget nede i 12 postar. Det var året der skogsvegen Drabløs var så attgrodd at trimposten vart fjerna.
Statistikken viser også at dei to beste åra i perioden var korona-åra 2020 og 2021. Her fanst menneske i Sykkylven – til og med ganske mange – som meinte at all aktivitet på trimpostane burde stoggast. Dei burde til og med fjernast, sidan somme såg dei som ei smittekjelde av dimensjonar. Men postane vart ståande, og folket viste gjennom aktiv vandring at dei ville ha dei.
Trimpostane er kanskje det sterkaste leddet i Velledalen IL si folkehelse-satsing. Stor takk til alle som nyttar seg av tilbodet – ofte eller sjeldan!
NB! All statistikk som siste tida har kome på nettsida vedkomande trimpostane er levert av Nils Terje Skylstad. Nils er også mannen som har «drifta» alle postane i perioden dei har eksistert. Kva vil det seie å «drifte» ein trimpost…? Jau, det betyr at ein med jamne mellomrom sjekkar at alt er på stell, skifter bøker når ein skal, syter for at skriveutstyret fungerer, handlar inn/reparerer/skifter kasser når det er nødvendig, og han fører all statistikk knytt til denne aktiviteten.
Og det er i samanlikning med dette – den vesle jobben vi stadig masar om – så totalt bleiknar; hald sjølv greie på talet turar du har, og skriv talet bak namnet ditt. Nils har sanneleg nok å telje!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Malin Berge: Bestetid på 5 km for sesongen
10.11.2025
FØRJULSMESSA 2025: VIKTIGE TIDSPUNKT
07.11.2025