Julebord – påmeldingsfristen ebbar ut

Postet av Atle Jomar Hole den 19. Nov 2025

Godt sig av påmeldingar – den offisielle fristen går ut i kveld.

  

Velledalen IL sitt julebord på Sobra scene i Ålesund (Korsegata 6) – i samarbeid med Edru Livsstil Ålesund – har godt sig av påmeldingar. Særleg Ålesund-avdelinga imponerer med mange påmelde. Siste frist for påmelding var sett til onsdag 19.november, men der er håp for etternølarar i fylgje Torhild Rogne Emdal:

  • Det går nok bra med påmelding fram til sundag. Men måndag morgon (24.nov) vert maten tinga og då går «toget»

 

Frammøte: Klokka18.00

Pris: Kr 500 per person , betaling ved frammøte

VIL-påmelding: Alf Petter Bøe – Atle Jomar Hole


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.