TOPP-10 TRIMPOSTAR: Inger Anna nummer fire

Postet av Atle Jomar Hole den 20. Nov 2025

 

Med 1892 poeng var Inger Anna Fet 83 poeng unna ei topp-3 plassering

 

Inger Anna Fet er av opphav frå Ørsta, og ørstingane er kjende for å vere eit sprekt folkeslag. 218 av Inger sine 282 turar gjekk til Bruna trimpost. Og med sju poeng i banken for kvar av desse,  vart det åleine 1526 poeng. Hennar nest beste post var Myrdalsfjellet med 20 turar og 200 poeng. Vidare har ho siste året vore innom postane: Skogsvegen Straumsheim, Vellesætra, Brunstadsætra og Dammen Riksheimdalen – altså i alt 6 postar. 1892 poeng og 4.plass på samanlagt-lista er sterkt levert, og vi trur ho er den eldste kvinna som er inne på topp-10 lista.

 

TOPP-10 TRIMPOSTAR 2025 (OKT 24 TIL OKT 25):

4. Inger Anna Fet 1892 poeng – 6 postar – 282 turar

5. Elling Ivar Hole 1832 poeng – 15 postar  - 230 turar

6. Inger Riksheim 1696 poeng – 2 postar – 243 turar

7. Nils Terje Skylstad 1677 poeng – 15 postar – 268 turar

8. Inger Anne Brunstad 1577 poeng – 13 postar – 333 turar

9. Ivar Arne Flo 1519 poeng – 1 post – 217 turar

10. Anita Hjorthol 1379 poeng – 11 postar – 293 turar

 

Då står berre dei tre beste att. Somme kan sikkert tenkje seg namna….


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.