3510 grasrotkroner i november
Postet av Atle Jomar Hole den 1. Des 2025
Alt tyder på at året 2025 vil gi ny klubbrekord i talet på grasrot-kroner.
Klubbrekorden i talet grasrotkroner for Velledalen IL sin del skriv seg tilbake til 2022, med 38 256,81 kroner. Til samanlikning gav fjoråret 33 654 i klubbkassa. Den summen er alt passert i 2025, då det hittil er kome inn 36 372. Med ein særs sterk desember kan vi snuse på 40 000 kroner, men det mest sannsynlege er at vi hamnar på 39 000-talet ein stad, noko som er godt over budsjettert.
Med 3510 kroner inn på ordninga i november 25, er månaden den femte beste i året hittil. Best er august med 3837 kroner, svakast er april med 2797 kroner. Talet på givarar har vore stabilt dei siste tre månadane – 92 støttepelarar. STOR, STOR TAKK TIL ALLE DESSE!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Litt om å vinne over seg sjølv!
03.02.2026
Kaldt ute: VIL har gode vinterjakker
03.02.2026
Ålesund maraton vert arrangert 6.juni
01.02.2026
Takk for 3215 grasrot-kroner i januar 26
01.02.2026
Pussa på forma – ny vinterkarusell 8.februar
31.01.2026