ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj

Postet av Atle Jomar Hole den 4. Des 2025

 

Hesteskokasting fenga mange, og laurdag 11.august dette året reiste halve Velledalen til Øye.

 

Tidlegare på sommaren var ei gruppe unge menn frå Velledalen IL si hesteskokastar-gruppe og selde hestskokastar-hattar ut gjennom eit vindauge i 1.etasje på Union hotell.

  • Steik, før et marknad her er, sa ein ung Bjørn Lade, i det han sende hattar ut like snøgt som pengane rann inn.

 

Tidlegare denne sommaren  hadde Velledalen IL fått tilbod av hotelleigar Leif Dahl om å kome til Øye og skipe til hesteskokasting av det argaste slaget der. Med i tilbodet var gratis lokale for å arrangere dans. 84 deltakarar melde seg på til dette fyrste stemnet på Øye, arrangert på skuleplassen, og som seinare fekk namnet Øye-cupen og levde i 5-6 år.

     Laurdag 11.august 1979 reiste halve Velledalen til Øye, der Sigbjørn Brunstad sin kvartett spela opp til dans. Og sundag starta stemnet klokka 14.00 på åtte baner på skuleplassen. Parkasting, der Egil Skåre/Bård Erstad vann herreklassa, medan Reidun og Benedikte Holmberg var skarpast av kvinnelaga. Og ute på Aure selde dei hestesko som aldri før, og det klirra i mest kvart tun i heile dalen med omland.

 

Så kom ein til 26.desember 1979. På denne datoen arrangerte Velledalen IL sin fyrste Romjulsmarsj. Marsjen gjekk i lageleg vêr og samla 147 deltakarar. Alt året etter var både Velledalen og Straumgjerde startstadar. 1980 -marsjen gjekk på isholke og striregn, men samla likevel 95 deltakarar og to hundar. Då skjøna Velledalen IL at dette arrangementet måtte førast vidare. Noko det har blitt gjort i alle år etter, unnateke eit orkanår der vi miste straumen, og litt tilpassingar under covid-åra.

    2.juledag 2025 er alle velkomne til ein ny marsj med base i kjøkkensalen i Velledalen grendahus – 46 år etter «jomfrumarsjen» vart arrangert.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.