KONRADLØPET: Meir enn springing
Postet av Atle Jomar Hole den 5. Des 2025

Endeleg i 2014 gav rekrutteringsarbeidet for namnet Konrad resultat.
Konradløpet starta opp i 2002. Og påmeldingslistene tala sitt tydelege språk; at namnet Konrad var på veg ut. Ingen av dei påmelde dei fyrste åra heitte det. Korkje som føre- eller mellomnamn. Velledalen IL skjøna at namnet var på veg ut. Difor kom ordninga med gratis deltaking for alle med Konrad som namn, ei ordning som framleis gjeld. Dette gav respons, men ikkje stor. Difor vart det bestemt at Velledalen IL skulle premiere dei fyrste i Sykkylven kommune som døypte ungen sin Konrad med 3000 kroner.
Det tok fleire år, men heldigvis vart vi kvitt pengane. Faktum er at vi treng fleire Konradar, og Sykkylven kommune treng fleire born, så STÅ PÅ!
Sjå klipp frå Sunnmørsposten!

Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Sentrumsløpet: Anders Westrheim på 17.plass
25.04.2026
Sverre og Malin sprang i Molde
25.04.2026
Fin 3.plass til Anette under OCR-debuten
25.04.2026
To VIL-veteranar sprang Valderløpet
25.04.2026
Bergen City Maraton: Stian nr 11 i M 50-54
25.04.2026
25.og 26.april: Stor idrettshelg
25.04.2026